Formålet med bloggen
Når eg har valt å kalle bloggen
opp etter denne norrøne guden, har det vore med eit klart formål. Å kjempe for
rettferd og forsoning etter strid. Der ingen utan motstand skal få lov til å
selje unna vår fellesarv og allemannsrett til rike spekulantar, og slik freiste
sjølv å få ein stol attåt bordet til desse fiendane av rettferd.
Bloggen er ein partipolitisk
uavhengig nettstad, men med klare politiske standpunkt til aktuelle sake i
tida, som til dømes spørsmål knytt til innskrenking av allemannsretten,
rasering av fjellheimen med monsterturbinar for vindkraft, produksjon, forsøpling
av fjordane våre med dumping av gruveafall, etablering av ammoniakkfabrikkar og
gigantiske datasenter med meir.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar